Fotocredit:

Intervju med 1. kandidat Tom Charles Johnsen

– For oss er det viktig at det vert ei trygg jernbane og ein trygg veg mellom Bergen og Voss, seier Tom Charles Johnsen, Miljøpartiet Dei Grøne sin fyrstekandidat i Vaksdal.

8. september 2015

I over hundre år har jernbanen vore hovudpulsåra for Vaksdal og Voss. Her har både folk og gods kunna fraktast på ein effektiv og miljøvenleg måte. – Me vil stadig satsa på bane, det er eit berekraftig transportsystem, som belastar miljøet mykje mindre enn gods og personbiltrafikk langs landevegen, seier Johnsen. Samstundes er det naudsynt å gjera noko, for å få ein trygg veg. – Situasjonen slik han er i dag er ikkje til å leva med. Vegen inneber ei fåre for liv og helse, både grunna rasa, og fordi strekninga er ulykkesutsatt. Me ynskjer difor ei løysing der både jernbane og veg vert lagt i tunnel, legg den lokale toppkandidaten til.

Han meiner dessutan at det er eit stort behov for betre samarbeid mellom NSB og Skyss, og stør Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland sitt ynskje om felles takstsystem for jernbane og buss, samt ynskjer om betre samordning av rutene. – Samfunnet har mykje å tena på å at fleire vel å pendla med buss og tog istadenfor å bruka bilen. Slik det no er, er prisane for høge, men potensialet er stort når det gjeld å få fleire til å bli pendlarar. For vår del er det naturleg å satsa på vår eiga bybane til Bergen sentrum, seier Johnsen.

Miljøpartiet Dei Grøne på Vaksdal vil også vera ei grøn stemme på andre område. Eit tema som opptek er regulering av oppdrettsnæringa. Johnsen er uroa over ureining frå anlegga, og kva det tyder for anna liv i havet. – Me ynskjer ein meir restriktiv politikk for oppdrett i fjorden, seier han. Eit anna tema som opptek Dei Grøne er å ta vare på matjorda, og på det landbruket som finst lokalt. – Lokalt landbruk gjev oss trygg mat av god kvalitet og sysselsetting i distrikta. Dessutan er landbruket viktig for kulturlandskapet, ein verdi i seg sjølv. Samstundes bør også dei som bur i tettbygde strøk få moglegheit til å dyrka eigne grønsaker, og me vil difor sjå på moglegheita for å få etablert parsellhagar.